Sosiale medium

Bø i Telemark
07
6°C
 

Dato

Fredag 20. oktober 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Skifest med TV2 på laget

Sommarland skifestival 1

Driftig gjeng. Arrangørgruppa med folk frå skigruppene i Skarphedin og Skade står bak den tredje Sommarland skifestival i rekkja. Dei lovar både konkurransar og show med besøk frå landets skielite og TV2. F.v. Lene Nordskog, Dan Norheim, André Horgen, Sylvia Haugenes, Mikkel Helweg, Arne Gavle, Eva Rismo, Tormod Hynne, Merete Schie Bjerva, Ole Johnny Prestbakken, Catrine Dagsland og Jo Grindekåsa.

Med både TV2 og skilandslaget på plass løftar Sommarland skifestival seg til nye høgder. Fire og ein halv time i beste sendetid er gull verdt for Midt-Telemark.

Sommarland skifestival blir arrangert for tredje året på rad i dagane 22-26. juni. Det blir skiskule for unge, rulleskisprint i Bøgata og rulleskirenn langs Telemarkskanalen. Suksessen toppa seg i fjor med full skiskule og stor suksess med folkefest både i Bøgata og folkefest på torgplassen. Komande skifestival tek nye steg når TV2 kjem med stort team og skilandslaget legg sommarsamlinga til Bø samtidig. Prosjektleiar Tormod Hynne og teamet hans har i år skote gullfuglen.

Del artikkel...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®