HØG STRYKPROSENT: Ein av tre stryk på teoriprøva, melder Statens vegvesen.
HØG STRYKPROSENT: Ein av tre stryk på teoriprøva, melder Statens vegvesen.

6.264 bøheringar

Folkevekst i Bø. Innbyggjarane står i kø for å flytte til Bø. Foto: Øystein Akselberg

Folketalet i Bø etter første kvartal 2017 var 6.264 personar. Bø har ei auke i folketalet på heile 155 siste heile året.

Folketalet i landets kommunar per 1. april 2017 er nå offisielle. Bø hadde 6.264 innbyggjarar etter første kvartal 2017. Dette er ei auke på to personar sidan nyttår. Veksten siste 12 månader er på heile 155 personar, noko som utgjer 2,5 prosent. Dette plasserer Bø i landstoppen i folkevekst. Sauherad hadde ein vekst på 11 personar i første kvartal, og har nå ei folketal på 4.314 personar. Telemark hadde ein negativ utvikling siste kvartal med seks personar i minus og eit folketal per 1. april på 173.301. Landets folketal var 5.267.146 personar på same tidspunkt.