Opning-Myggen-Maurtuva-barnehage-5-song-og-bygg

Alle med rett får plass

Alle med rett til barnehageplass i Bø og Sauherad får det neste barnehageår. Arkivfoto: Øystein Akselberg

Alle med rett til barnehageplass i Bø og Sauherad har fått plass frå neste barnehageår. I Bø kom det inn i alt 132 søknadar, 86 av desse er heilt nye. I Sauherad var det 89 som søkte om barnehageplass.

Dei som har rett på plass er dei som har søkt før fristen 1. mars og/eller har barn som fyller eitt år innan 30. november i år.

Beate Darrud, oppvekstsjef i Bø kommune, seier at det er ikkje sikkert at alle som har søkt plass i Bø får sitt førsteønskje, men dei får eit tilbod.

Les meir om saka i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no