Sosiale medium

Bø i Telemark
34
-13°C
 

Dato

Tysdag 12. desember 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Vil auke syklinga med 25 prosent

Opp 25 prosent. Kommunen vil auke syklinga med 25 prosent. I dag syklar ni prosent, målet er 11,25 prosent. Foto: Øystein Akselberg

 

Sykkelplan godkjent

For å konkretisere arbeidet med sykkelvegar har Bø kommune utarbeidd ein temaplan for sykkel. I planen blir blant anna hovudnettet for sykkel prioritert og definert.

 

I innleiinga til planen står det at Bø kommune har inngått ei sykkelbygd-avtale med Statens vegvesen region sør og Telemark fylkeskommune. Denne planen forpliktar Vegvesenet og fylkeskommunen til å arbeide saman med Bø kommune for å utvikle og oppgradere hovudnettet for sykkel og drive aktivitetar som fremjar sykkel som framkomstmiddel. Arbeidet med sykkelbygda Bø vil styre arbeidet med å redusere trafikken i Bø i Bygdepakke Bø.

Målet som Bø kommune set seg er å auke syklinga med 25 prosent. Sykkelandelen i Bø er i dag på 9 prosent. Målet er dermed å kome opp på 11,25 prosent.

Les meir i Bø blad eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.

Del artikkel...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®