Sosiale medium

Bø i Telemark
04
19°C
 

Dato

Torsdag 25. mai 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Bøndene aksjonerte i Bø

Av Telemark bondelag fekk ordførar Olav Kasland eit ope brev å gje til stortingspolitikarane. Foto: Gro B. Røiland 

Rundt 20 traktorar og dobbelt så mange bønder frå fire bondelag i Midt-Telemark samla seg i dag i Bøgata og på Bø torg i protest mot jordbruksforhandlingane og tilbodet frå regjeringa. I spissen for aksjonen sto Telemark bondelag, og målet for bøndene var kommunehuset i Bø. Her fekk ordførar Olav Kasland overlevert eit ope brev til dei politiske partia på Stortinget, der politikarane blir oppmoda om å vise ansvar i jordbruksoppgjeret.

– Regjeringa har ikkje vist vilje til å strekke seg så langt at det er mogleg å få til ei avtale. Telemark bondelag meiner det er svært skuffande, heiter det mellom anna i brevet.

Bønder over heile landet markerer i dag protest mot regjeringa sitt tilbod i forhandlingane, eit tilbod som har ført til brot. I Telemark har det vore aksjonar i Bø, Seljord og Skien. Nå er det opp til Stortinget å vedta oppgjeret.

Les meir om aksjonen i Bø i papiravisa neste veke.

 

Siger til Mariann i Bøsprinten

Mariann Roe debuterte laurdag i triatlon og vann dameklassa. Foto: Gro B. Røiland

Lynraske Mariann Roe frå Bø vann dameklassa i triatlonløpet Bøsprinten laurdag. Ho kom i mål med tida 1.09.01, noko som er svært bra. Gratulasjonane var mange til en unge idrettsstjerna, som med Bøsprinten debuterte i triatlon.

Vinnar av herreklassa blei Eirik Ravnan frå Kongsberg, som kom i mål på tida 58.32. Han deltok på Bøsprinten også i fjor og vann.

Bøsprinten er eit triatlon som blir arrangert av studentar og tilsette ved Idrett, administrasjon og leiing på Høgskolen i Søraust-Noreg, studiestad Bø, i samarbeid med IL Skarphedin. På årets løp var det med 53 deltakarar.

 

Les meir om Bøsprinten i papiravisa 11. mai.

Kommunevåpen frå unge bøheringar

 

Bø blad har fått tolv barn og unge i Bø til å teikne nytt kommunevåpen. Dette er tre av forslaga. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand 

 

Barn og unge i Bø bryr seg om kva den nye kommunen skal heite og korleis det nye kommunevåpenet skal sjå ut. Det kom klart fram da Bø blad utfordra tolv unge bøheringar til å teikne forslag til nytt kommunevåpenet.

Mange av dei tolv meiner Bøherad er eit bra namn på den nye kommunen. Dei aller fleste ynskjer seg fele og eple med vidare i nytt kommunevåpen.

Grafikar Dag Einar Hvitsand i Bø blad har laga skissene deira om til kommunevåpen i fargar foreslått av dei unge. Resultatet kan du sjå presentert over fire sider i dagens avis.

 

 

 

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®