Sosiale medium

Bø i Telemark
16
16°C
 

Dato

Onsdag 18. juli 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Slaktar ny sentrumsplan for Bø

 

Parkering innanfor sykkelfeltet er ei ulykkesfelle for syklistar, meiner Terje Wold. Foto: Øystein Akselberg

 

Sykkelentusiast Terje Wold meiner planane for endring av Bøgata vil skru tida 20 år tilbake. Han kunne ikkje tru sine eigne augo da han las om den nye sentrumsplanen i Bø blad.

– Nå må politikarar og innbyggjarar i Bø vakne! Byråkratar med spesielle ideal må ikkje få styre utviklinga og la sykkelbygda overstyre handelsbygda. Det vil redusere den positive trenden Midt-Telemark er i. Det er bra at det blir lagt til rette for syklande og gåande, men dersom ikkje trafikkflyten for gjennomgangstrafikk og lokaltrafikk frå Midt-Telemark kommune blir ivaretatt, vil handelsbygda lide. Det vil også sykkelbygda, seier Wold.

 

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på nett.

Fallulykke ved Gygrestolen

Skada beinet i fall ved Gygrestolen

Gvarv Røde Kors Hjelpekorps blei Kristi himmelfartsdag kalt ut for å berge ut ein person som hadde falt og skada beinet sitt på tur ned frå Gygrestolen. Elleve personar frå hjelpekorpset drog ut og fekk transportert pasienten ut på båre til veg der ambulanse frakta videre til legevakt.

300 kontrollert av politiet

Stor politikontroll i Bø

Politiet i Midt-Vest Telemark hadde i samarbeid med Statens vegvesen og Tollvesenet felles trafikkontroll i Bø onsdag ettermiddag. Det var fokus på teknisk stand, fart, rus, mobil og beltebruk, samt sikring av barn. 300 køyretøy blei kontrollert og av desse fekk seks forenkla forelegg for å ha køyrt for fort, medan to fekk forelegg for å brukt mobil under køyring. To køyretøy fekk gebyr fordi dei fortsatt hadde piggdekk. Ni køyretøy fekk køyreforbod, og 21 hadde feil eller manglar på køyretøyet og fekk mangellapp. Ein bilførar fekk i tillegg forelegg for å ha manglande sikring av barn i bilen.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje