Sosiale medium

Bø i Telemark
34
-13°C
 

Dato

Tysdag 12. desember 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Blomsterlærling fekk ungdomspris

Ungdomsprisen. Ordførar Olav Kasland overrekte ungdomsprisen til Signe M. Evertz Forsberg. Bak frå venstre Lene Riis, Veslemøy Gundersen Vestgården og Anne Guri Hegna Smeplass, alle frå Blomsterstemning der Evertz Forsberg er lærling, og far, Geir Forsberg.

 

 

Fekk pris for EM-deltaking

Signe M. Evertz Forsberg tok femteplass i EM i blomsterdekoratørfaget i Belgia tidlegare i haust. Det har lærlingen fått Bø kommunes ungdomspris 2017 for.

 

Ungdomsprisen skal gå til ein person eller lag/gruppe i alderen 18 til 26 år som har markert seg innanfor eit fag, kunst, kultur, idrett eller samfunn på nasjonalt eller internasjonalt nivå og på den måten sett Bø på kartet.

Blomsterlærlingen Evertz Forsberg har i tillegg til den gode plasseringa i EM også ein siger i NM å vise til.

Les meir i papiravisa eller kjøp heile avisa eller enkeltsider på nett på buyandread.no.

Utfordrar telemarksbenken

Ikkje partipolitikk. – Dette handlar om å vere human, ikkje om partipolitikk, seier Gerd von der Lippe. F.v. Sigbjørn Hjelmbrekke, Ingrid Kvissel, Gerd von der Lippe og Inger Lise Bergan.

 

Bed telemarkspolitikarane bryte tausheita

 

– Det er så mange flotte politikarar på telemarksbenken. Me vil gjerne at dei bryt tausheita om Gazas barn. Dei har det forferdeleg og valden blir ekstra ille fordi folk går på dop.

Det fortel Gerd von der Lippe i Palestinakomiteen i Telemark. von der Lippe hadde nyleg eit debattinnlegg om saka i Dagbladet og no vil Palestinakomiteen ta opp saka med politikarane på telemarksbenken på Stortinget.

– Dette er ikkje partipolitikk, dette handlar om å vere human seier von der Lippe.

Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no. Der kan ein også kjøpe enkeltsider.

Nytt bibliotek-innspel

Utbygging av kommunehuset. Denne skissa vart laga av Olav Skjeldal for 17 år sidan og skisserte påbygging av kommunehuset. No meiner Skjeldal det kan vere interessant å vurdere å flytte biblioteket til den nye fløya. Skisse: Olav Skjeldal/Lokale Arkiteter ans

 

Motstridande syn på bibliotek-plassering

 

Fylkesbibliotekaren meiner Kunnskapsparken er meir eigna til bibliotek enn kommunehuset. Arkitekt Olav Skjeldal meiner derimot at ei ny fløy på kommunehuset mot Skogen gård vil vere perfekt til bibliotek.

 

– Eg meiner fellesnemnda har eit betre forslag til lokale til bibliotek i Bø enn forslaget om å legge det til kommunehuset.

Det seier konstituert fylkesbibliotekar Vibeke Stokka.

Ideen om å flytte Bø bibliotek til kommunehuset vart lansert av Ingrid Kvissel, Snorre Aasen og Tore Bjørn Pettersen og var omtalt i Bø blad for eit par veker sidan.

No er det altså kome eit innspel til og diskusjonen går om kva som er rett plassering av eit folkebibliotek i Bø.

Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no. Der kan ein også kjøpe enkleltsider.

 

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®