Sosiale medium

Bø i Telemark
02
18°C
 

Dato

Torsdag 25. mai 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Vil ha meir publikum på Tine-stafetten

 

Vårens vakraste. Vårens vakraste i Bø, det seier arrangørane om Tine-stafetten.

 

Ta pausa på Gullbringbanen

Onsdag 10. mai arrangerer Bø ungdomsskule i samarbeid med Skarphedin friidrett den landsdekkande TINE-stafetten. Arrangørane ønskjer seg eit større publikum til det dei kallar vårens vakraste eventyr i Bø, og oppfordrar bøheringar til å ta lunsjen, trilleturen eller pausa på Gullbringbanen denne føremiddagen. Det er trettande gong stafetten blir arrangert i Bø, og i år er det 34 lag som stiller til start.

Les meir om denne saka og andre lokale saker i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.

Ja til studenttilskot

Sykkel. Ingebjørg Nordbø (MDG) lanserte ideen om å få studentar til å melde flytting ved å gi dei ein premie og det burde vere ein sykkel.

 

 

 Pengar eller sykkel

Formannskapet sa ja til å gje støtte til studentar som vil melde flytting til Bø, men det var full sprekk når det kom til kva studentane skal få: pengar eller sykkel.

Skal ein rekne med dobbeltstemma til ordføraren vart det fire for og fire imot sykkel som lokkepremie til studentar. Dermed blir det opp til kommunestyret å skjere igjennom, sykkel eller ikkje sykkel.

Saka er at det, ifølgje sakspapira til formannskapet, er om lag 2.000 studentar som er busett i Bø. Dei er ikkje registrert som innbyggjarar i Bø, men har same rettane som andre til helse- og velferdstenester. Det kostar kommunen pengar.

 

Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyabdread.no.

Rekordsøking til høgskulen

 

Fleire i Bø. Det er større auke i søknaden til IT-studia i Bø enn til nettstudia, opplyser fakultetsdirektør Erik Aarnes.

 

 Bø aukar mest

Det er over 200 fleire søkjarar som har studie i Bø eller som er administrert frå Bø som førsterprioritet i år enn det var i fjor.

­– Studia som blir drivne frå Bø har på ny rekordstor auke.

Det melder fakultetsdirektør ved Høgskulen i Søraust-Noreg, Erik Aarnes.

Han opplyser at Bø med det er den studiestaden som aukar mest i den nye Høgskulen i Søraust-Noreg.

Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®