Sosiale medium

Bø i Telemark
07
-5°C
 

Dato

Sundag 25. februar 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Flott ung kulturmønstring i Gullbring

 

Slagverkere: Jon Rørmark, Åsmund Waage, Sebastian Grav Lunde, Hassan Al-Azari, Birk Lyngdal og Marcus Norendal framførte Balkan Holiday.

 

 

Ein allsidig konsert med høgt nivå

Det vart ei flott framsyning ungdommane som deltolk i UKM i Bø og Sauherad serverte i dag, laurdag. UKM består ikkje berre av sceneinnslag, alle typar kulturinnslag er velkomne. I Gullbring var det også ei kunstutstilling, der var det med 19 kreative verk.

Ti sceneinnslag  frå Bø og Sauherad og fem deltakarar på utstillinga går vidare til fylkesfesten. Slagverkerane på bildet er ei av gruppene. I den gruppa er det elles deltakarar både frå Bø og Sauherd.

Sverre Jacobsen som står bak det lokale arrangementet var godt fornøgd med ein allsidig konsert med høgt nivå.

Les meir og sjå fleire bilde i avisa som kjem torsdag.

 

 

 

To tilsette, 120 millionar i omsetning

Enkelt firma. Det er stor omsetning, men få folk og lite utstyr som skal til i Proshop. Dagleg leiar Kjell Øystein Haugen (t.h.) og Bård Glenna.

 

130.000 varenummer

Bedrifta Proshop handla for knapt 98 millionar kroner i 2016. Dagleg leiar Kjell Øystein Haugen trur det blir 120 millionar kroner i 2017 og omsetninga skal vidare opp i 2018.

 

Det er ikkje berre omsetninga som er stor for nettbutikken Proshop. Lista over varenummer er på 130.000 artiklar.

– Me har alt frå drillar og data til deler til snøfresar og monopolspel, fortel dagleg leiar Kjell Øystein Haugen.

På nettsida til Proshop kan ein også finne lastberar for tømmer, i leikeutgåve rett nok, blekkpatronar og lampar.

Les meir i papiravisa eller i e-avisa. Dei som ikkje er abonnentar kan kjøpe avisa på nett på buyandread.no.

 

Snøras på Lifjell

Glekse. Nysnø i Glekse. Arkivfoto: Arlid Pedersen

Ingen skada

Politiet melder torsdag kveld på Twitter at to skiløparar skal ha utløyst eit snøras på veg opp på Gleksefjell i den brattaste austhellinga. Dei to skal ikkje ha blitt tekne av raset. Ingen andre vart ramma.

Raset var 20 meter breitt og om lag ein meter djup på det djupaste. Skiløypa mellom Gleksefjell og Skåråfjell skal ikkje ha blitt råka. Politiet oppfordrar folk til å vere forsiktige, det er stor rasfare i fjellet.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje