Sosiale medium

Bø i Telemark
34
-13°C
 

Dato

Tysdag 12. desember 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Mental Helse vil utvide

Ein gong i månaden. Malene Haugland Sørlie fortel at Mental Helse prøvar å ha møte ein gong i månaden.

 

Vil etablere seg i Bø og Sauherad

 

Mental Helse i Nome vil utvide til også å dekke Bø og Sauherad. Malene Haugland Sørlie i organisasjonen ønskjer å få kontaktar og meir aktivitet i nabokommunane.

 

– Sidan det ikkje er andre lag utanom Grenland dekkje me også Midt- og Vest-Telemark, seier Malene Haugland Sørlie, fungerande leiar i Mental Helse Nome.

No ønskjer ho å få med Bø og Sauherad til eit lag i Midt-Telemark.

– Mental helse er ein landsdekkjande brukarorganisasjon for dei som brukar psykiatrien og deira pårørande, men kven som helst kan vere med. Alle har psykisk helse og me jobbar for at heile samfunnet skal ha god psykisk helse, forklarar Haugland Sørlie.

Les meir i papiravisa eller kjøp heile avisa eller enkeltsider på nett på buyandread.no.

Kommunehuset ein «snakkis» i Bø

Kva skal 28 millionar kroner bli brukt på i kommunehuset? Det spørsmålet kom opp i Administrasjonsutvalet sist måndag. Foto: Marta Kjøllesdal

 

– Kva skal ein bruke 28 millionar kroner til i kommunehuset, spurte Renate Øien frå Utdanningsforbundet då Administrasjonsutvalet i Bø kommune var samla til møte sist måndag.

Ifølge Øien er dette noko det blir snakka om blant dei tilsette, og ho peika på at ein også treng ein ny ungdomsskule.

Ordførar Olav Kasland opplyste at taket på kommunehuset i Bø lek, og det har ikkje vore gjort noko med huset sidan det var nytt på 50-talet. Han peika også på at det er sett av pengar til å starte planlegging av ny skule.

Øien lurte også på om det er nødvendig å byggje nytt kyrkjekontor i Bø når dei to kommunane skal slå seg saman. Ordføraren svarte at dette er noko ein vil diskutere i formannskapet.

 

BU-pris til ølbryggjarar

Glad prisvinnar. Eivin Eilertsen er glad for både pengane og æra, han meiner pristildelinga viser at dei har valt rett konsept.

 

 

 

Lindheim Ølkompani vann bedriftsutviklingsprisen

Lindheim Ølkompani har vunne Bedriftsutviklingsprisen til Innovasjon Norge i Telemark.

– Årets vinnarar er unge, innovative og visjonære. Ingeborg Lindheim og Eivind Eilertsen kombinerer tradisjonell fruktdyrking med ølproduksjon på ein spennande måte. Dei har vist stor evne til å tenkje heilheitleg rundt ein gard med sterke tradisjonar.

Det skriv Innovasjon Norge om grunngjevinga på nettsida si.

 

Les meir om prisen og prisvinnarane i papiravisa torsdag eller kjøp heile avisa eller enkeltsider på buyandread.no.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®