Sosiale medium

Bø i Telemark
07
11°C
 

Dato

Torsdag 29. juni 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Brødbakaren i Bøgata

Bakar i gata. Gunhild Jonsås Aaknes har mykje godt å by på i bakeriet sitt i Bøgata. Foto: Øystein Akselberg.

I Bøgata 20 har bakeriet Bø Brød etablert seg med stor suksess. Her går det i brød i mange variantar.

Holtsås-kvinna Gunhild Jonsås Aaknes har flytta bakeriverksemda si frå Kjernehuset på Gvarv til Bøgata 20. Her leiger ho lokale hjå Olav Sæther. Jonsås Aaknes opna tidleg i mai og har etter dette hatt mykje å henge fingrane i.
– Eg likar ikkje kaker, men brødskiver derimot, slår Jonsås Aaknes fast, og kan vise fram imponerande mange sortar brød. Her går det i spelt, diverse grovbrød, landbrød med gamle kornsortar og også finare sortar som til dømes Durumkaku. Kanelsnurr er det som minst minner om brød.
– Eg lagar også sakteheva brød med redusert gjærmengde. Dei er økologiske utan tilsettingsstoff av noko slag, seier bakaren sjølv.

Full fart i skogen

Furu av god kvalitet. Skogbruksleiar Håvard Bakka i AT Skog viser kor mykje furustokken har vakse dei 75 siste åra. Furua blei minst 150 år før den nyleg blei hogd. Foto: Øystein Akselberg.

Innan juni er omme vil 20.000 kubikkmeter tømmer vere hogd ut av skogane i Bø hittil i år. Gode tømmerprisar stimulerer til hogst.

Leiar i Bø skogeigarlag, Olav Halstensgård, og skogbruksleiar i AT Skog, Håvard Bakka, kan allereie nå slå fast at det går mot eit svært godt år for hogsten av skog i Bø.

– Innan juli har det blitt hogd 20.000 kubikkmeter tømmer i Bø dette av året, seier dei, og legg til at årssnittet i Bø ligg på rundt 25.000 m3.

Det kan dermed gå mot det beste hogståret sidan toppåret 2007. Då blei det hogd ut 41.000 m3. I år trur skogfolka at ein i allefall kjem opp i 30-35.000 m3.

Dei reknar med at furu utgjer 60 prosent av hogsten i Bø i år og at førstehandsverdien på tømmeret ligg på 330-350 kroner per kubikk. Verdien av tømmeret som er teke ut første halvår er sju millionar kroner, men verdiskapinga vidare i kjeda kan gangast med ti. Skogsdrift har store ringverknader og er også ein stor distriktarbeidsplass.

Stasjonsvegen snart ferdig

Innspurt med asfalt. Anleggsfolka som har drive arbeid i Stasjonsvegen har lagt asfalt denne veka. Det har publikum merka med manuell dirigering og kø. No blir vegen fin og brei og slett, Sudelida sudelidei. Foto: Øystein Akselberg.

Stasjonsvegen har vore eit anleggsområde i ni månader. Om to veker skal alt stå ferdig. Prislappen er på rundt 30 millionar kroner.

Offisiell opning av nye Stasjonsvegen (Fylkesveg 359) i Bø sentrum er tysdag 27. juni. Då kjem ”fine folk i floss” og ein ”kakse som kan klippe snor” og ”held sin takketale for den stolte kontraktør”.  Slik heiter det i songen om Ola Tveiten, men til Bø kjem avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Tore Kaurin, fylkesordførar Sven Tore Løkslid og ordførar i Bø, Olav Kasland, som skal ta seg av opning og fine talar.

Tveito Maskin har vore hovudentreprenør for bygging av ny og oppgradert Stasjonsveg. Jobben har firmaet gjort for 12,8 millionar kroner. I tillegg har private gardeigarar investert mellom ein halv og ein million kroner på private prosjekt i tilknyting til oppgraderinga. Kommunen har også lagt i pengar for å ta sin del av det som står på kommunal grunn. Heile prosjektet er av Statens vegvesen budsjettert til 29 millionar kroner. Sidan midten av september i fjor har Tveito Maskin vore på plass med mange folk og maskiner. Mot slutten av mai toppa det seg med asfaltering av vegbana, manuell dirigering av trafikken og lange køar.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®