Sosiale medium

Bø i Telemark
34
-13°C
 

Dato

Tysdag 12. desember 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Størst folkevekst i landet

Fleire bøheringar. Her er ein skuleklasse på brua over Bøelva til Kvennøya denne veka. Som me ser er det god plass til fleire bøheringar også der. Foto: Øystein Akselberg.

Bø har fått 241 fleire innbyggjar siste kvartal

– Det kan aldri bli nok bøheringar, sa Thomas Hellekås i bandet Byting til Telemarksavisa i går. Han hadde sikkert ikkje dei nye innbyggjartala frå SSB i tankane, men hadde svært rett likevel. I dag kom SSB sine tal med ei rekordauke i talet på bøheringar.

Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserer i dag nye innbyggjartal for landets kommunar og Bø tronar på toppen med størst vekst i folketalet for tredje kvartal 2017. Heile 241 fleire bøheringar har det blitt sidan sist teljing for tre månader sidan. Veksten er på utrulege 3,9 prosent og er altså størst i landet. Sauherad er ein av tre kommunar i Telemark som har vekst. Sauherad er blitt 35 fleire sidan sist. Nome derimot må tåle ein reduksjon på 20 innbyggjarar.

I Bø er fødselsoverskotet i 3. kvartal på fire personar, medan netto innflytting er på heile 237 personar. Største årsak til veksten i Bø er tilflytting. Her er talet 408 i løpet av kvartalet, medan utflyttinga er på ialt 171 personar. Talet på fødde i perioden er 16.

 

 

 

Svein Gunnar er årets gründer

Årets gründer. Svein Gunnar Mæland frå Bø blei tildelt pris som årets gründer under Vekstkonferansen i Ælvespeilet i dag. Maja Foss Five, leiar i hovudutval for kompetanse i fylkeskommunen, delte ut prisen. Foto: Bjørn Harry Schønhaug/Vekst i Grenland.

Telemark fylkeskommune delte ut sin årlege gründerpris under Vekstkonferansen i Ælvespeilet i Porsgrunn i føremiddag. Opp på scena som vinnar kom bøheringen Svein Gunnar Mæland. Han fekk heider og ære og ein sjekk på 50.000 kroner. Mæland får prisen for arbeidet med firmaet MSG Production AS som har etablert seg på flyplassen i Skien med hangar for produksjon av automatisk vaskemaskin for fly.

Juryen begrunnar prisen slik: «Prisvinneren har tatt ideen fra et etablert, til et helt annet og annerledes marked. Gründeren er meget kompetente på sitt område. Både stayerevne og god til å bygge relasjoner er gode beskrivelser. Ideen er enkel og genial på samme tid med et stort internasjonalt potensiale og vi vil gå så langt som å si at den vil revolusjonere en hel internasjonal bransje. Det er allerede vist interesse fra internasjonale kunder. Ideen er opprinnelig fra Midt-Telemark, og videreutvikles i Skien.»

Gode turopplevingar med Gulltrimmen

Gulltrimmen 2017. Bergit Askildt Myrjord (t.v.) og Ingrid Askildt har begge hatt både nytte og glede av tilbodet til Gulltrimmen i år. Dei har hatt turskoa på mykje i haust og har klatra på resultatlista. Foto: Øystein Akselberg

Fotfolket gjekk 31.345 turar

Tredje året av Gulltrimmen er over. Dette er Gullbring kulturanlegg sin trim- og turkampanje. Ein konkurranse for nokon, ein fin sjangse å oppdage nye turområde for nokon og eit spark i baken for å komme opp av sofaen og treimmen liott for andre. I Gulltrimmen 2017 som gjekk over ein vårsesong og ein haustsesong, registrerte heile 969 deltakarar seg. Dei som var med sjekka inn på turmålet 31.345 gonger til saman. Nokre gjekk mykje og langt, andre berre nokre få turar. Mest poeng fekk Hanne Beate Mølbach, medan Anne Hermansen gjorde flest innsjekkingar (heile 890 gonger). Over 100 forskjellige turpostar var i år med i Gulltrimmen.

To av dei som klatra mest på resultatlista og verkeleg hadde fart på turskoa i haust var systrene Bergit Askildt Myrjord og Ingrid Askildt. Dei enda på høvesvis 3. og 13. plass totalt og klatra godt utover hausten til sesongen var slutt 1. november. Begge rosar ordninga for å gje motivasjon til å komme seg ut på nye plassar. Helsegevinst og kondis er også noko ein får på kjøpet når ein er ute og går i frisk luft og fin natur.

 

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®