Sosiale medium

Bø i Telemark
01
-8°C
 

Dato

Tysdag 12. desember 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Volleyball heile veka

volleyveke 2016

Volleyuka i Bø. Sju dagar med volleyball på anlegget ved høgskulen står for døra.

I dag braka det laus for Volleyveka i Bø. Godt over 600 deltakarar skal i aksjon i sanden på volleyballbanene i løpet av veka. Skuleelevar frå både barneskulane og ungdomsskulen får undervisning og spelar turneringar. Det blir også breddeturnering som er open for alle, Bø Open, og til slutt kjem noregseliten i sandvolleyball til Noregscup-turnering. Det er venta 50 lag til Noregs Touren. Arrangørar er høgskulestudentar i Bø som går idrett, administrasjon og leiing.

Klubbrekord for Mariann

Mariann Roe Hamar 180516

Ny bestenotering: Bøjenta Mariann Roe går her inn til ny personleg rekord  under eit stemne på Hamar 18. mai. Foto: Kondis/ Rolf Bakken.

Skarphedinløparen Mariann Roe sprang inn til både ny personleg rekord og bestenotering for jenter 19 år for Telemark under elitestemnet Norwegian Grand Prix på Hamar onsdag 18. mai. Mariann vann 3.000 meter kvinner senior på tida 9.49,18. Det er 26 sekundar betre enn hennar førre personlege rekord på distansen. Tida er bestenotering for jenter 19 år i Telemark og også ny klubbrekord i Skarphedin.

Utbygging av Vertshuset: Nei blei tja?

Vertshuset mai 2016

Planar om utbygging og ombygging. Eigar av Vertshuset har planar om utbygging og må skaffe fleire parkeringsplassar.

Eigar av Bø Vertshus ønskjer å ruste opp og rive delar av dagens bygg, byggje noko nytt, samt endre fasadar på eksisterande bygg på sida som vender mot det nye Skogenkvartalet. Del av planen er tre nye leilegheiter i andre etasje av eksisterande bygg. Bygginga utløyser krav om 4,5 nye parkeringsplassar og tiltakshavar søkjer om dispensasjon frå kravet om parkeringsplassar. Utval for plan, teknikk og næring (PTN) sa nei til dispensasjon, men opnar likevel døra på gløtt for at gårdeigaren kan få lov til å gjere utbygginga likevel. Frå teknisk eining får Bø blad vite at det er laga ein moglegheit ved å finne naudsynte parkeringsplassar på anna areal innanfor sentrum. Det kan for eksempel gjerast ved at det blir leid parkeringar hjå nabo eller liknande. Kravet til parkeringsplassar i sentrumsområder der ein eigentleg ønskjer fortetting er å sjå på som eit «troll» med mange hovud. På den eine sida ønskjer ein fortetting med bygging av fleire bueiningar og samtidig utløyser dette krav til bygging av enda fleire parkeringsplassar. Frå kyndig hald blir det sagt at ny plan og bygningslov kjem til å ha endra reglar når det gjeld krav til parkeringsplassar. Tida vil vise om ein er på riktig spor.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®