Sosiale medium

Bø i Telemark
34
-10°C
 

Dato

Fredag 14. desember 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Nasjonalt gjennombrot for flyeventyr

Feira gjennombrot. Med god hjelp av skiensordførar Hedda Foss Five (Ap) spretta bøheringen Svein Gunnar Mæland sjampanjen på Geiteryggen flyplass i dag.

 

Spretta sjampanje for  flyeventyr

Selskapet MSG Deice AS, med bøheringen Svein Gunnar Mæland i spissen, har fått på plass finansiering av bygging av verdas første fullskala-anlegg av eit heilautomatisk vaske- og avisingsanlegg for fly. Anlegget til 40 millionar kroner skal byggast på Geiteryggen flyplass i Skien. Byggjestart blir til våren og allereie neste vinter kan ein starte testinga av anlegget.

Skiensordførar Hedda Foss Five viser stort engasjement for den nye verksemda som skal ha base på Geiteryggen.

– Verksemda er midt i blinken for kva slags næring Skien kommune ønskjer skal etablere seg på flyplassen, seier ho.

Går alt etter planen, vil anlegget ha 35 arbeidsplassar ved full drift.

Finansieringa kom på plass da MSG Deice nylegg fekk 23 millionar kroner i tilskot frå EU-ordninga Horizion 2020, som er verdas største forskings- og innovasjonsprogram.

 

Les meir i papiravisa torsdag.

Feira med nytt namn

Snorklypp. Ordførar Olav Kasland fekk jobben med å føreta offisiell opning av Circle K i Bøgata. Stasjonssjef Gunnar Mæland til høgre.

Onsdag ettermiddag vart det endeleg offisielt: ordførar Olav Kasland stod for markeringa av at bensinstasjonen i Bøgata byttar namn frå Statoil til Circle K. Eigar Gunnar Mæland har drive stasjonen i 32 år og er med på sitt andre namneskifte. Tidlegare har det vore Norol og Statoil i hans tid. Kasland slo fast i sin tale at K-en i Circle K ikkje hadde noko med førebokstaven i hans etternamn.

Full fart mot Biltema i Grivisvingen

Det er full fart i Grivisvingen, der Biltema opnar butikk om åtte månader.  Arkivfoto: Gro B. Røiland

 

I Bø handelspark pågår grunnarbeida for fullt på tomta der det skal bli Biltema-butikk. Butikken blir bygd av Grivisvingen AS som Bø handelspark står bak.

Opningsdag for den 3.000 kvadratmeter store butikken er sett til 7. august i år.

– Me investerer 60 millionar kroner i bygginga av butikk, seier Kjell Aage Verpe i Bø handelspark.

Biltema sjølv investerer rundt 20 millionar kroner i innreiing og klargjering av den nye butikken i Bø.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje