171214-Ks-Ungdomspris-2017-09-

Blomsterlærling fekk ungdomspris

Ungdomsprisen. Ordførar Olav Kasland overrekte ungdomsprisen til Signe M. Evertz Forsberg. Bak frå venstre Lene Riis, Veslemøy Gundersen Vestgården og Anne Guri Hegna Smeplass, alle frå Blomsterstemning der Evertz Forsberg er lærling, og far, Geir Forsberg.

Fekk pris for EM-deltaking

Signe M. Evertz Forsberg tok femteplass i EM i blomsterdekoratørfaget i Belgia tidlegare i haust. Det har lærlingen fått Bø kommunes ungdomspris 2017 for.

Ungdomsprisen skal gå til ein person eller lag/gruppe i alderen 18 til 26 år som har markert seg innanfor eit fag, kunst, kultur, idrett eller samfunn på nasjonalt eller internasjonalt nivå og på den måten sett Bø på kartet.

Blomsterlærlingen Evertz Forsberg har i tillegg til den gode plasseringa i EM også ein siger i NM å vise til.

Les meir i papiravisa eller kjøp heile avisa eller enkeltsider på nett på buyandread.no.