171005-Beverøya-Bøelva-vekst-07-

Bøelva veks

Campingplassar varsla. Teknisk sjef i Bø kommune, Vidar Lofthus, opplyser at campingplassane i Bø vart varsla om flaumfaren i ein e-post litt før lunsj måndag. Slik såg det ut ved Beverøya måndag ettermiddag.

Vasstanden stig i Seljordsvatnet

Skagerak Kraft melder om at Bøelva veks og den vil truleg halde fram med det det komande døgnet. Grunnen er at vassmengda i elvane som går inn i Seljordsvatnet aukar.

– No renn det 245 kubikkmeter vatn i sekundet i Vallaråi og det er stigande, seier Magne Wraa i Skagerak Kraft måndag ettermiddag.
Han seier at dei andre elvane som renn ut i Seljordsvatnet, som Bygdaråi, også veks. Totalt trur han det renn 300 til 400 kubikkmeter inn i Seljordsvatnet på dette tidspunktet, men han peikar på at Seljordsvatnet også har flaumdempande effekt.
– Ein kan dele talet på to når det gjeld det som renn ut att i Bøelva, påpeikar han.

Ti- til femtenårsflaum
Måndag ettermiddag var vasstanden i Seljordsvatnet på 117,34 meter over havet (moh). Femårsflaum er på 117,8, tiårsflaum på 118 og 20-årsflaum på 118,2 moh. Det er ikkje stor høgdeforskjell, men sidan overflata på Seljordsvatnet er stor er det snakk om mykje vatn for å heve overflata nokre centimeter.
Wraa trur det vil bli mellom ti- og 15-årsflaum. Det vil seie at Seljordsvatnet vil stige til over 118 moh.
– Men kjem det regn så vil det endre seg, seier Wraa.
Han opplyser at det er det komande døgnet som avgjer korleis det utviklar seg. Det er meldt 43 millimeter regn i dag.

Campingplassane varsla
Vidar Lofthus, teknisk sjef i Bø kommune, opplyser at campingplassane vart varsla med e-post litt før lunsjtid måndag. Han hadde fått melding frå Skagerak Energi om at Sundsbarm kraftverk blir køyrt til midnatt måndag, så blir den stogga for å bruke Sundsbarm til å dempe flaumen. Dammen er ikkje full enno.