Sosiale medium

Bø i Telemark
34
-13°C
 

Dato

Tysdag 12. desember 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Bøforskar med på å stoppe kosttilskot

Underviser ved høgskulen. Til dagleg arbeider Synne Kleiven ved Høgskulen i Søraust-Noreg i Bø.

 

Synne Kleiven har testa kosttilskot for tv-programmet FBI og funne eit giftstoff.

 

I dag, onsdag, er temaet for Forbrukerinspektørene (FBI) på NRK blågrøne algar. I følgje programomtalen på nettsida handlar det om at ein brukar blågrøne algar i kosttilskot, då er det supersunt, medan badevatn med blågrøne algar er farleg å bade i.

 

Synne Kleiven er førsteamanuensis ved Høgskulen i Søraust-Noreg i Bø. Kleiven forskar på vasskvalitet og er med i programmet. Ho har funne ut at det er mykje snusk i kosttilskot. Eit produkt er alt trekt frå marknaden.

– Me kunne påvise eit skadeleg stoff i eit kosttilskot, fortel Kleiven.

I programmet til FBI har ho testa produkta for giftige stoff. Høgskulen i Søraust-Noreg i Bø og Veterinærinstituttet i Oslo har begge testa dei undersøkte kosttilskota. Dei to institusjonane testa totalt sju produkt for FBI, seks vart friskmelde medan det sjuande inneheldt giftstoff. Det var stoffet mikrocystin som vart påvist, det fanst i større mengder enn det WHO har sett som grense for drikkevatn.

Til dagleg underviser og forskar Kleiven ved Institutt for natur, helse og miljø i Bø. Ho har mykje med blågrøne algar å gjere i arbeidet, det vil seie det er ikkje eigentleg algar, men bakteriar. Kleiven fortel at dei kan blomstre opp i vatn og innsjøar og er potensielt farlege.

 

 

Del artikkel...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®