141106-Bøkappleiken-2014-konsert-055

Bøheringar på landskappleik

Ein av tre. Det er tre bøheringar som deltek i klassa A hardingfele på Landskappleiken. Per Anders Buen er ein av dei. Han har vunne Landskappleiken fleire gonger. Foto: Marta Kjøllesdal

Deltek i dans, kveding og hardingfele

Landskappleiken på Røros i startar i dag, onsdag, og varer til 9. juli. Til årets kappleik er det påmeldt 1216 deltakarar fordelt på 403 startnummer i 35 klasser.

Telemarkingane er tungt inne, spesielt på dans. Mange kjem frå Tinn og Gransherad, men også frå Bø kjem det dansarar. Ingebjørg Bratheim Bø, Bø dansarring og Ingvill Marit Buen Garnås, Fjellrosa spel- og dansarlag, er begge med i konkurransen.

På hardingfele deltek Ottar Kåsa, Lars-Ingar Meyer Fjeld, Per Anders Buen Garnås og Spelemannslaget Bøheringen og på vokal Ingvill Marit Buen Garnås.

I tillegg til deltakarane er det venta 3000 tilreisande til Røros.