Bø Brød Gunhild Jonsås Aaknes 010617 1

Brødbakaren i Bøgata

Bakar i gata. Gunhild Jonsås Aaknes har mykje godt å by på i bakeriet sitt i Bøgata. Foto: Øystein Akselberg.

I Bøgata 20 har bakeriet Bø Brød etablert seg med stor suksess. Her går det i brød i mange variantar.

Holtsås-kvinna Gunhild Jonsås Aaknes har flytta bakeriverksemda si frå Kjernehuset på Gvarv til Bøgata 20. Her leiger ho lokale hjå Olav Sæther. Jonsås Aaknes opna tidleg i mai og har etter dette hatt mykje å henge fingrane i.
– Eg likar ikkje kaker, men brødskiver derimot, slår Jonsås Aaknes fast, og kan vise fram imponerande mange sortar brød. Her går det i spelt, diverse grovbrød, landbrød med gamle kornsortar og også finare sortar som til dømes Durumkaku. Kanelsnurr er det som minst minner om brød.
– Eg lagar også sakteheva brød med redusert gjærmengde. Dei er økologiske utan tilsettingsstoff av noko slag, seier bakaren sjølv.