Sosiale medium

Bø i Telemark
36
-6°C
 

Dato

Tysdag 21. november 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Mental Helse vil utvide

Ein gong i månaden. Malene Haugland Sørlie fortel at Mental Helse prøvar å ha møte ein gong i månaden.

 

Vil etablere seg i Bø og Sauherad

 

Mental Helse i Nome vil utvide til også å dekke Bø og Sauherad. Malene Haugland Sørlie i organisasjonen ønskjer å få kontaktar og meir aktivitet i nabokommunane.

 

– Sidan det ikkje er andre lag utanom Grenland dekkje me også Midt- og Vest-Telemark, seier Malene Haugland Sørlie, fungerande leiar i Mental Helse Nome.

No ønskjer ho å få med Bø og Sauherad til eit lag i Midt-Telemark.

– Mental helse er ein landsdekkjande brukarorganisasjon for dei som brukar psykiatrien og deira pårørande, men kven som helst kan vere med. Alle har psykisk helse og me jobbar for at heile samfunnet skal ha god psykisk helse, forklarar Haugland Sørlie.

Les meir i papiravisa eller kjøp heile avisa eller enkeltsider på nett på buyandread.no.

Tusenkunstnaren med motordilla

Seks år og 4500 timar har Bjørn Aaland bruka på å restaurere denne bilen, ein 1956 Ford F100 importert frå Texas. Resultatet har gjeve han sju premiar på seks utstillingar. Foto: Gro B. Røiland

 

 

I garasjen heime hos Bjørn Aaland står vedunderet av ein amerikansk pickup, skinande blank og djupblå utanpå, lys og lekker inni. Bilen har lite til felles med den slitne vogna som blei importert frå San Antonio i Texas i 2011. Så har han da også vore utsett for ein «total makeover» av tusenkunstnaren på Hørte.

Absolutt alt har Bjørn gjort sjølv. Han skruvar, sveisar, lakkar og syr trekk til sete, dører, golv og tak. Det siste har han tidlegare hatt salmakar til å gjera, men for eitt år sidan kjøpte han seg industrisymaskin. Nå gjer han salmakarjobben sjølv. Før det bygde han lakkboks. Dermed kunne han lakkere bilane sjølv. Mekanikarfaget er også sjølvlært.

– Ein må ikkje vera redd for å prøve. Skal ein få til noko, må ein bare kaste seg uti det. Gjer ein feil, prøver ein bare på nytt, seier Bjørn.

Forden frå 1956 er ikkje den fyrste bilen han har restaurert. Tretten hobbybilar har Bjørn hatt sidan han kjøpte sin fyrste i 1982, ein Willys Jeep CJ5 frå 1956. Fire fly har han også hatt, og to av dei har han bygd sjølv.

Les meir om tusenkunstnaren med motordilla i papiravisa eller kjøp avisa digitalt på buyandread.no. Klikk her for å sjå fleire bilete.

 

Størst folkevekst i landet

Fleire bøheringar. Her er ein skuleklasse på brua over Bøelva til Kvennøya denne veka. Som me ser er det god plass til fleire bøheringar også der. Foto: Øystein Akselberg.

Bø har fått 241 fleire innbyggjar siste kvartal

– Det kan aldri bli nok bøheringar, sa Thomas Hellekås i bandet Byting til Telemarksavisa i går. Han hadde sikkert ikkje dei nye innbyggjartala frå SSB i tankane, men hadde svært rett likevel. I dag kom SSB sine tal med ei rekordauke i talet på bøheringar.

Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserer i dag nye innbyggjartal for landets kommunar og Bø tronar på toppen med størst vekst i folketalet for tredje kvartal 2017. Heile 241 fleire bøheringar har det blitt sidan sist teljing for tre månader sidan. Veksten er på utrulege 3,9 prosent og er altså størst i landet. Sauherad er ein av tre kommunar i Telemark som har vekst. Sauherad er blitt 35 fleire sidan sist. Nome derimot må tåle ein reduksjon på 20 innbyggjarar.

I Bø er fødselsoverskotet i 3. kvartal på fire personar, medan netto innflytting er på heile 237 personar. Største årsak til veksten i Bø er tilflytting. Her er talet 408 i løpet av kvartalet, medan utflyttinga er på ialt 171 personar. Talet på fødde i perioden er 16.

 

 

 

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®