Sosiale medium

Bø i Telemark
38
8°C
 

Dato

Torsdag 24. august 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Bø splitta om nytt kommunenamn

Felles samling. Først var kommunestyra i Bø og i Sauherad samla i eit felles møte i Idunshall der alle sakene vart diskutert, men der det ikkje vart votert over noko.

 

Sauherad kommunestyre var einstemmig

Bø kommunestyre var splitta i valet på namn til den nye kommunen som Bø og Sauherad skal bli. Nokre ville ha Bø og Sauherad kommune, medan ein representant foreslo Bø kommune. Til slutt vart det 15 for Midt-Telemark og dermed fleirtal.

I Sauherad kommunestyre vart alle vedtak fatta einstemmige.

Kommunevåpenet blir tre feler på blå botn.

 

Les meir om debatten og kven som meinte kva i det felles kommunestyremøtet måndag, og i møtet i Bø kommunestyre etterpå, i papiravisa torsdag. Avisa kan også kjøpast på nett på buyandread.no

Skulestart for 1.128 bø-elevar i dag

Oppstilling til fotografering. Kontaktlærar Mari Hermansen stiller opp ungane i klasse 1B ved Bø skule. Dei skal fotograferast til torsdagens Bø blad. Stolt publikum er foreldre og føresette. foto: Øystein Akselberg

I dag er det skulestart ved Bø skule, Folkestad skule, Bø ungdomsskule og Bø vidaregåande skule. Til saman byrja 1.128 elevar på nytt skuleår ved desse fire skulane i dag. 277 av desse startar skuleåret på ny skule. Og kanskje mest spennande var det for dei 69 elevane som starta i første klasse på barneskulen. Bø skule har i år 50 elevar i dei tre førsteklassane, medan det på Folkestad er ein førsteklase med 19 elevar. På Bø ungdomssskule starta 68 elevar opp i 8. klasse, medan det på Bø vidaregåande skule starta 140 elevar i 1. klasse.

Grivi´n på plass på Bø torg

Bysta av Gjermund N. Grivi blei avduka mens NRK Sommertoget var i Bø. F.v. kulturskuleelevane Magnus Hanto Henriksen og Ingrid Sofie Jørgedal, ordførar Olav Kasland og reporter Martin Torstveit frå NRK Telemark. Foto: Gro B. Røiland

 

Bysta av Grivisvingens far, Gjermund N. Grivi, er på plass på Bø torg. Tysdag, mens NRK Sommertoget var i bygda, blei bysta offisielt avduka på rett plass av ordførar og partikollega Olav Kasland.

Mange var møtt fram for å vera med på seremonien, som også blei kringkasta av NRK Telemark og reporter Martin Torstveit frå Bø.

Venstremannen Gjermund Grivi (1867-1954) var ordførar, stortingsmann og sorenskrivar og ein engasjert og fargerik personlegdom i si samtid. Han var mellom anna sentral i å få lagt Sørlandsbanen om Bø. Denne delen av banen er difor kalla Grivisvingen.

I år er det 150 år sidan Gjermund Grivi blei født. Bysta som heidrar mannen som spela ei viktig rolle for utviklinga i Bø, er laga av ein annan bøhering, nemleg bilethogger Håkon Anton Fagerås.

 

 

 

 

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®