Sosiale medium

Bø i Telemark
12
8°C
 

Dato

Fredag 21. september 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Må betale 150 prosent

Kostar med bom. Nyevegen Årnes – Slåttekås kostar 400 millionar kroner å byggje, men det skal betalast 595 millionar kroner i bompengar.

 

Det skal krevjast inn 592 millionar kroner på Slåttekås  – Årnes

I stortingsproposisjonen er det lagt inn årlege innkrevjingskostnader for bompengar på 2,6 millionar kroner for vegstrekninga Årnes – Slåttekås. Det opplyser Birgitte B. Johansen i Vegfinans. Totalt er det rekna med at det skal krevjast inn 592 millionar kroner (2015-kroner), 50 prosent meir enn vegen kosta, i bompengar. Anlegget kosta 400 millionar kroner å byggje. Innkrevjingsperioden er rekna til 15 år som er standar for slike anlegg.

Beintøffe elevar i Bø

Elevane i 7. klasse på Folkestad skule er med i årets Beintøft. Foto: Gro B. Røiland

 

Gå til skulen-aksjonen Beintøft er i full gang. I Midt-Telemark er det elevane på Folkestad skule og Bø skule som deltar. 

Fram til 28. september går aksjonen Beintøft på skular over heile landet, med 40.000 elevar med. Dette er landets største gå til skulen-aksjon. Bak står miljøvernorganisasjonen Miljøagentene. Målet er å bidra til større miljøengasjement og bevisstgjering av miljøproblem knytt til bilkøyring i lokalsamfunnet.

 

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på boblad.no

Legg ned skytebane

Slutt: Det er truleg slutt på skytinga på bana til Bø Skyttarlag i Nordbøåsen, men noko må gjerast med området ved kulefangaren på 100 meter. Forto: Øystein Akselberg

 

Ønskjer å lage deponi

Leiar i Bø Skyttarlag opplyser at ein arbeider med å avvikle skytebanen i Nordbøåsen. Ei eventuell samanslåing med andre lag er også utsett.

– Bana til Bø Skyttarlag i Nordbøåsen blir lagt ned om det ikkje skjer noko heilt spesielt.
Det seier Terje Slåttedalen, leiar i skyttarlaget.

No håpar Slåttedalen at det blir funne ei løysing for området ved kulefangaren på 100 meter. Han håpar at det kan lagast eit lokalt deponi med årleg kontroll og vassprøvar. Slåttedalen seier at det i så fall vil bli om lag som deponiet i Revdalen, ei gammal søppelfylling i Bø.

Les meir i papiravisa eller eavisa på nett.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje