Sosiale medium

Bø i Telemark
38
-10°C
 

Dato

Fredag 14. desember 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

294 nye statsborgarar

statsborgerseremoni2014-2

Seremoni i Ibsenhsuet. Bilete frå ein tidlegare statsborgarskapsseremoni i regi av Fylkesmannen. Foto: Fylkesmannen i Telemark.

Fylkesmannen i Telemark arrangerer i dag den årlege Statsborgarseremonien i Ibsenhuset, Skien. Fylkesmannen karakteriserer seremonien som ein av dei hyggelegaste hendingane i løpet av året. Det siste året har Telemark fått 294 nye statsborgarar. 119  av dei har takka ja til å feire dette i Ibsenhuset i dag. Dei kjem frå 30  land og er busett i 12 Telemarks-kommunar. Gjestetalar på seremonien er ordfører Hallgeir Kjeldal, Bamble kommune. Av dei 294 nye statsborgarane kjem 123 frå Skien, 52 frå Porsgrunn og 24 frå Kragerø. Også Midt-Telemark er representert med tolv frå Nome, åtte frå Sauherad og tre frå Bø. Oversikten over kva land våre nye statsborgarar opphaveleg kjem frå er lang, men dei med flest personar er Afghanistan (24), Burma (22), Eritrea (37), Irak (15), Iran (16), Somalia (17) og Thailand (32).

2,6 millionar til Lifjellvegen

161013-asbjorn-botnen-vegar-49-b

Mange reagerer. Per Hanstad (t.h.) seier det er mange av turistane som kjem til Lifjell som reagerer på kvaliteten på vegen. Asbjørn Botnen meiner vegkvaliteten er viktig for næringsutvikling på Lifjell.

 

Får pengar til asfalt

Samferdselsutvalet i Telemark fylkeskommune har hatt møte og vedteke plan for asfaltering av vegar. Ifølgje vedtaket skal det vere sett av 2,6 millionar koner til asfaltering av Lifjellvegen. Det står også at Vatnar parsell får 1,5 millionar kroner og Grønkjør fr 2,4 millionar kroner. Fylkestingsmedlem Olav Kasland (V) frå Bø, meiner det er liten fare for at lista blir endre i fyllestinget.

Nær kulturtoppen i Noreg

bo-bibliotek-gitter-4504

Bø  på ein fin 13. plass blant landets beste kulturkommunar. Hadde biblioteket rapportert alt utlånet hadde kommunen gjort eit stort sprang oppover lista. Foto: Øystein Akselberg.

Museumssituasjonen og manglande rapportering på bibliotek hindrar Bø i å vere på femteplass blant landets beste kulturkommunar. Ein 13. plass er likevel veldig bra.

For sjette året på rad presenterer Telemarksforsking i Bø ei rangering av kulturlivet i norske kommunar. Bø hamnar på ein 13. plass blant alle landets kommunar. Bø skårar svært godt på seks av dei ti parametrane. Kommunen plasserer seg nemleg blant topp-20 på kunstnarar, konsertar, kino, scenekunst, tildelingar og frivilligheit. Ingen av dei tjue fremste kommunane kan vise til det. Berre Røros og Trondheim er i nærleiken med fem kategoriplasseringar blant dei tjue beste. Grunnen til at Bø ikkje kjem lenger opp på lista er at kommunen gjer det svært svakt i to kategoriar som trekkjer ned heilheita svært mykje. Det handlar om bibliotek og museum.

Les meir om saka i vekas papiravis.

 

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje