Sosiale medium

Bø i Telemark
12
8°C
 

Dato

Fredag 21. september 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Opnar verdas første automatiske flyvaskemaskin

Gigantprosjekt. Gründar Svein Gunnar Mæland framfor verdas første heilautomatiske vaskemaskin for fly. Hallen står på Geiteryggen i Skien og er nesten 20 meter høg, 43 meter brei og 63 meter lang. Laurdag skal selskapets fly vaskast i hallen. Foto: MSG Production AS.

MSG Production med Svein Gunnar Mæland i spissen har offisiell opning og verdas første demonstrasjon av den gigatiske vaskehallen for fly på Geiteryggen i Skien i morgo. Statsminister Erna Solberg kjem for å klyppe snora. Firmaet har investert svimlande 80 millionar kroner i prosjektet. No håpar dei at første sal kan nærme seg. Både Torp og eit firma i flyindustrien i Saudi-Arabia er svært interesserte.

I morgon, laurdag, ønskjer MSG over 150 inviterte gjeser velkomen til å sjå vaskehallen i bruk. Interesserte publikummarar er også velkomne til å ta ein kikk.

Sentrumsplan blei godkjent med 15 mot 10

Bø kommunestyre. Stemte over sentrumsplan. 15 hender i vêret for planen og 10 hender imot. Foto: Øystein Akselberg

Bø kommunestyre stemte over ny sentrumsplan for Bø måndag kveld. Etter lang debatt og votering over ei rekkje forslag om endringar frå Høgre, FrP og Ap blei planen til slutt godkjent med 15 mot ti stemmer. Planen blei dermed godkjent som framlagt frå PTN-utvalet, bortsett frå ein endring. Det blir opna for at Bøgata skal ha innkøyring frå gata og ned mot Hellandvegen ved Sparebanken Sør for bilar som kjem frå rundkøyringa. Det mest spesielle ved handsaminga var at både Bø Høgre og Bø Frp med støtte frå Bø Ap foreslo å fjerne dei foreslåtte sykkelfelta i Bøgata. Både Harald Kinck (FrP) og Asbjørn Botnen (H) var opptekne av å leggje til rette for handelsnæringa ved å opprethalde parkeringsreglane slik dei har vore i Bø dei seinare åra.

Les meir om saka i dagens avis.

Stor skade på hus

Full utrykking. Både brannvesen, politi og ambulanse rykte ut til brannen i Dagstjønnvegen

 

Ingen personar skada

Politiet melder at ingen vart skada då det brann i eit bustadhus i Dagstjønndalen i Bø søndag ettermiddag. Politiet la ut melding om brannen klokka 14.45. Klokka 15.41 kom opplysninga om at brannen var sløkt. Ein person vart evakuert frå huset. Politiet skriv på Twitter at det er store skadar på huset.

Både brannvesen, ambulanse og politi rykte ut.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje