Sosiale medium

Bø i Telemark
38
-10°C
 

Dato

Fredag 14. desember 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Nytt NAV-kontor kjem i Lektorvegen 13

Her kjem NAV-kontoret. I Lektorvegen 13, i krysset ved Lektorvegen og Folkestadvegen, vil framtidas NAV-kontor bli liggjande. Foto: Øystein Akselberg

Bøfirmaet Eiendomsdrift skal byggje eit stort nærings- og bustadbygg i Lektorvegen 13 til 80-90 millionar kroner. NAV Midt-Telemark blir største leigetakar.

Leiar ved NAV Midt-Telemark, Hanne Sommerfelt, stadfestar at NAV har bestemt seg for å gå inn i kontraktsforhandlingar for leige av kontorlokale hjå bøbedrifta Eiendomsdrift SA. Lokala blir plassert i eit nytt nærings- og bustadbygg i Lektorvegen 13 i Bø sentrum.

Sommerfelt fortel at NAV har hatt fleire tilbydarar på oppdraget, blant anna Grivi Invest, Grivi Eiendom, Telemark forvaltning og Hellestad Eiendom.
– Me har vald tilbodet som passar best for NAV når det gjeld pris, behov og forslag til løysingar, seier ho, og legg til at det handlar om eit leigeforhold.

Eiendomsdrift har eigd Lektorvegen 13 i over ti år og har ifølgje dagleg leiar Ole Christian Bakås hatt planar om å utvikle eigedomen til næringsføremål.
– Nybygget blir på fire-fem etasjar med grunnflate på 800 kvadratmeter og parkeringskjeller, seier Bakås.

Ein reknar med innflytting på nyåret 2021.

Les meir i dagens avis og sjå korleis det planlagte bygget ser ut.

Sel privat omsorg

Supplement. Anita Bakås Unhammer og Nina Sagafoss i Byengelen vil vere eit supplement til kommunale tenester.

 

Firmaet Byenglene har levert private omsorgstenester på Notodden sidan i sommar. No kjem det til Bø.

 

– Me hjelper til med personlege ting som å stelle hår, gå turar, dusje, vaske hus, handle, måke snø og klyppe plen, seier Anita Bakås Unhammer.

Saman med Nina Sagafoss står ho bak firmaet Byengelene.

Kjempar for ny skule

May Britt Sauro, leiar i Akkerhaugen Velforening, delte ut faklar til dei mange frammøtte. Foto: Gro B. Røiland

 

Dei var mange og tydelege, forsamlinga som møtte opp utanfor kommunehuset på Akkerhaugen måndag.

På initiativ frå Akkerhaugen Velforening, og med støtte frå FAU, var folk samla for å seie si meining om ei eventuell utsetjing av ny barne- og ungdomsskule på Gvarv.

– Ny skule nå! var den tydelege beskjeden kommunestyret fekk med seg inn til kveldens kommunestyremøte.

 

Video frå måndagens demonstrasjon kan du sjå her:

 

Les meir i papiravisa torsdag 29. november.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje