BOB11AVI17061505L00[1]

Diskuterer kommunevåpen

Beltestakk, feler, eple og korn.

I dag, fredag, er fellesnemnda for den nye kommunen samla for å diskutere kva namn og symbol den nye kommunen skal ha. Arbeidsgruppa som har førebudd saka har innstilt med eit knipe fleirtal på Midt-Telemark som namn.

Når det gjeld kommunevåpen så har arbeidsgruppa fått inn fleire forslag frå fire personar som er plukka ut til å arbeide vidare med  ideane som har kome frå innbyggjarane. Den har plukk ut dei tre den meiner er mest aktuelle, men har ikkje prioritert dei. Det får fellesnemnda gjere.

Motivet med dame i beltestakk, eple og fele følgjer ikkje heilt dei heraldiske reglane, men dei er også i endring.

Den endelege avgjerda tek eit felles kommunestyre i august. Blir ikkje dei einige blir det kongen i statsråd som avgjer.

Les meir om namneforslaga og symbola i papiravisa eller kjøp avisa på nett å buyandread.no.