170427-Arbeidarhistorie-Eikjabygda-Arne-Storhaug-2

Fann ukjent arbeidarhistorie

Arne Storhaug med Eikabygda skog- og landarbeiderforening si møtebok frå 1936 til 1941. Foto: Gro Birgitte Røiland

Da Arne Storhaug reiv det gamle våningshuset heime på garden Fossli i Eikjabygda, dukka eit spennande stykke lokalhistorie opp. Han fann møteboka frå Eikabygda skog- og landarbeiderforening, der Arne sin far, Eivind Storhaug, i fleire år var formann.

Arne, som sjølv er Ap-veteran og tidlegare ordførar i Bø kommune, kjende ikkje til den lokale fagforeininga som blei skipa i Eikjabygda i dei harde 30-åra. Noko av det ein kan lesa ut av møtereferata i boka, og som fascinerer Storhaug, er solidaritetskjensla medlemmene hadde. Ikkje bare for folk i bygda og i landet, men også internasjonalt.

Meir om dette kan du lesa i papiravisa eller i Bø blad på buyandread.no.