171204 dødsårsak ukjent muvchvj2

Filmsalongen: «Dødsårsak: Ukjent

Dødsårsak: Ukjent. ein film om legemiddelindustrien og antipsykotiske legemiddel av Anniken Hoel. Foto/Copyright: Tour de Force

– Kor mykje er eit menneskeliv verd?

Det spørsmålet stiller ein seg i Filmsalongen når filmen «Dødsårsak: Ukjent» blir vist i morgon, tysdag. Regissør Anniken Hoel blir til stades i Gullbring.

Filmen handlar om brå død, mange spørsmål utan svar, internasjonal legemiddelindustri og tilbakehalding av informason.

Systera til regissøren Anniken Hoel, Renate, døyr brått i 2005. Familien får vite at dødsårsaka er ukjend. Renate var berre 35 år. Ho hadde diagnosen schizofreni og gjekk på fleire antipsykotiske legemiddel. Ingen, heller ikkje psykiateren hennar, visste at ein biverknad av medisinane var plutseleg død.

Anniken Hoel startar å nøste i dødsårsaka. Det tek ho til USA og legemiddelindustrien. Aftenposten sin filmmeldar meiner filmen bør vere pensum for både legar og lekfolk. Samtidig påpeikar ho at legemiddelindustrien ikkje svarar og at det er ei journalistisk svakheit.

«Heile systemet er rote. Tusenvis døyr ingen gjer noko for  stoppe det. Det var folk som viste det frå starten av. Har eg rett i det?» «Antipsykotika kan vere årsaka til minst 200.000 dødsfall. Kvifor bli ikkje noko gjort for å stoppe det?»

Dette er nokre sitat frå eit filmklipp frå «Dødsårsak: Ukjent».

I filmen brukar Hoel skjult kamera, forskingsrapportar, konfronterande intervju, tilbakeblikk og drøymande rekonstruksjonar. Filmen startar i det nære og handlar til slutt om eit globalt fenomen, skriv Aftenposten.

Filmen er bygd opp som eit intrikat puslespel og er like spennande som ein god triller, meiner avisa.

Som vanleg når Filmsalongen viser filmar er det samling i Framstugo etterpå. Før filmen vil regissør Anniken Hoel halde ei kort innleiing. Etter filmen vil ho samtale med Eva Marit Svendsen frå Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innan psykisk helse.