Bysta av Gjermund N. Grivi blei avduka mens NRK Sommertoget var i Bø. F.v. kulturskuleelevane Magnus Hanto Henriksen og Ingrid Sofie Jørgedal, ordførar Olav Kasland og reporter Martin Torstveit frå NRK Telemark. Foto: Gro B. Røiland
Bysta av Grivisvingens far, Gjermund N. Grivi, er på plass på Bø torg. Tysdag, mens NRK Sommertoget var i bygda, blei bysta offisielt avduka på rett plass av ordførar og partikollega Olav Kasland.
Mange var møtt fram for å vera med på seremonien, som også blei kringkasta av NRK Telemark og reporter Martin Torstveit frå Bø.
Venstremannen Gjermund Grivi (1867-1954) var ordførar, stortingsmann og sorenskrivar og ein engasjert og fargerik personlegdom i si samtid. Han var mellom anna sentral i å få lagt Sørlandsbanen om Bø. Denne delen av banen er difor kalla Grivisvingen.
I år er det 150 år sidan Gjermund Grivi blei født. Bysta som heidrar mannen som spela ei viktig rolle for utviklinga i Bø, er laga av ein annan bøhering, nemleg bilethogger Håkon Anton Fagerås.