160211-Folkemøte-1

Gullbring treng pengar

Gullbring kulturanlegg er storstove og arena for alt frå folkemøte til musikk, teater, idrett og kino. Nå treng Gullbring pengar. Foto: Gro Birgitte Røiland  

Så langt ligg det an til at Gullbring kulturanlegg vil gå med 6,4 millionar kroner i underskot i 2016. Det er etter at det er brukt seks millionar kroner på vedlikehald. Selskapet har gått med underskot sidan 2013 og har ein underbalanse på 5,8 millionar kroner.

Vedlikehaldsarbeidet er finansiert med eit lån på 10 millionar kroner. På grunn av at Bø kommune var på Robeklista kunne den ikkje garantere for lånet, men det har vore underforstått at kommunen skulle hjelpe til med det.

Komande måndag kjem saka opp i formannskapet. Rådmannen har skissert fleire måtar å gjere det på, men har ikkje tilrådd nokon av dei.