Alfarnuten utsikt 18 okt 2009

Gulltrimmen er i gang

Nytt turmål i Gulltrimmen. Alfarnuten på Stoklandsheia er eksempel på eit av dei nye turmåla i årets Gulltrim. Her eit utsiktsbilete frå toppen. Foto: Øystein Akselberg.

Årets sesong med Gulltrimmen er i gang. Startskotet gjekk 9. april. Fleire nye turmål er lagt til, og heile 70 ulike turar er med i ordninga denne sesongen.

Det er Gullbring kulturanlegg som står bak trimkampanjen som først og fremst er ein trimaktivitet for å fremje turglede og skape betre folkehelse. Kampanjen har også eit konkurranseelement i seg ved at deltakarane får poeng for kvar gong eit turmål blir besøkt. Poenga registrerer ein ved å samle dei i ein app på mobiltelefonen. Gullbring lovar fleire nye turmål i år, både i nærområdet og på fjellet, og reknar med at ein i løpet av sesongen vil kome opp i 70 turmål til saman.