170420-Arbeidsgruppa-namnekonk-start-12-b

– Hått ska me heite?

Ønskjer kreativitet. Arbeidsgruppa håpar folk i Bø og Sauherad er kreative når dei kjem med forslag på namn og kommunevåpen. Arbeidsgruppa f.v. Alf Rose Sørgaarden (Sauherad), Karin Hagen (Bø), Evy Beate Tveter (Bø), Borgar Kaasa (Bø), Wenche Akkerhaugen (Sauherad) og Hans Kortner Ryen (Sauherad).

 

Klart for namnekonkurranse

Datoen er klar, ekteskapet mellom Bø og Sauherad manglar berre velsigninga frå Stortinget, og ein god del organisering, før dei er ein kommune. Men kva skal barnet heite?

Den interkommunale arbeidsgruppa lovar ut ein premie på 10.000 kroner til ein av dei som kjem med forslag på kva den nye kommunen som Bø og Sauherad blir, skal heite. Men ingen enkeltperson får stikke pengane i lomma, pengane går til eit lag eller ein organisasjon som vinnaren plukkar ut. Lag og organisasjonar kan kome med forslag, og blir oppfordra til å gjere det.

– Me ønskjer ein brei prosess der lag, organisasjonar, skular, næringsliv og enkeltpersonar er med, seier leiar i arbeidsgruppa, Borgar Kaasa.

Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.