Nordigard Verpe Birk Lyngdals grisefarm 21. mai 2017 0266 Birk

Heldiggrisane på Nordigard Verpe

Kosegrisar. Birk Lyngdal har hendene fulle med stell av ti grisungar på garden Nordigard Verpe. Foto: Øystein Akselberg

 Ti edelgrisar er skikkeleg svineheldige. Dei har kome på sommarleir hjå bygdas yngste griserøktar, Birk Lyngdal (14), som har ordna sin eigen sommarjobb.

Birk Frideson Lyngdal (14) har med god hjelp av pappa Lars Lyngdal bygd sin eigen grisefarm heime på garden Nordigard Verpe. I fem månader skal dei ale opp ti grisungar. I oktober ein gong er det tid for slakting og kjøtet skal gå til dei som har bestilt. Dei har bygd innhegning med overbygd skur med soveplass, forings- og drikkeplass og eigen luftegard med straumgjerde rundt.
– Dette blir sommarjobben min. Grisungane er cirka 30 kilo nå og når dei er klare for slakting i oktober håpar eg dei veg 150 kilo kvar, seier Birk.
Han har bestilling på sju av dei ti grisane, og har dermed tre i reserve dersom det er fleire som ønskjer seg godt svinekjøt til hausten.
– Eg trur grisane skal få det godt her hjå meg. Dei har slått seg fint til ro her og spring rundt og leikar mykje. Dei gryntar i alle fall fornøgd heile dagen, seier den unge grisebonden på Verpe.