Sosiale medium

Bø i Telemark
01
-8°C
 

Dato

Tysdag 12. desember 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Huldra i ny Askeladd-film

Ida Ursin-Holm frå Bø er premiereaktuell i filmen «Askeladden - I Dovregubbens hall». Foto: Filmweb

 

Skodespelar Ida Ursin-Holm dukkar opp som huldra i eventyrfilmen som har noregspremiere fredag kveld. Bø kino er ein av premierekinoane for «Askeladden - I Dovregubbens hall»..

Huldra i filmen er ein av hindringane som dukkar opp på vegen til Per, Pål og Espen Askeladd. Ho er vakker, men også ganske fæl.

– Eg synest alltid det er litt flaut når ei rolle skal vera så sensuell, men så skjønte eg at huldra har fleire sider. Eg likar når rollene er litt stygge og ekle, seier skodespelaren frå Bø.

Ei ny utfordring ventar henne denne hausten. Ida er med i ensemblet i rockemusikalen «Hair» som har premiere på Oslo Nye Teater 25. januar.

 

Les meir om Ida i Askeladd-filmen i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.

Del artikkel...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®