Buen Original Jan Einar Stolan Storodde hytte 1

Hyttesuksess på Lifjell

Buen Original Jan Einar Stolan Storodde hytte 1

Byggjer hytter på Jønnbu. Jan Einar Stølan viser fram ei Buen-hytte av typen Storodde som snart står innflyttingsklar i Grostulvegen på Jønnbu. Det er ein porsgrunnsmann som skal ha hytta.

Med bøheringen Jan Einar Stølan på laget har BuenGruppen fått fart på hyttebygginga på Lifjell. Samarbeidet med Lifjell hyttetomter AS er ein suksess.

BuenGruppen er av dei leiande hytteprodusentane i landet. Gjennom selskapet Buen Original leverer bedrifta både byggesett og nøkkelferdige hytter og fritidsbustadar på austlandet. I haust har selskapet engasjert seg i heile 15 hyttetomter på Lifjell etter at hovudeigar i BuenGruppen, Arne Moen frå Gvarv, tok initiativ til å få bøheringen Jan Einar Stølan inn som seljar. Stølan hadde då 14 år på baken i jobb hjå Viasat i Oslo. Han har hatt bustad i i Porsgrunn dei siste åra, men har no flytta tilbake til Bø.
– Eg har seld 15 hytter sidan eg kom inn i august. Det er me svært nøgd med, seier Stølan, og kan vise til sal av hytter også på Veggli, Gautefallheia og Vrådal.
Flest hytter har han likevel seld i Jønnbuområdet på Lifjell. Fleire hytter er under oppføring nå og fleire tomter står klare til å byggjast på til våren.
Stølan seier at han har seld hytter nå på sju tomter og har også sju tomter tilgjengeleg til å byggje på om kundane slår til.
– Lifjell som hytteområde er ein uslipt diamant og har alt som skal til for å bli eit attraktivt og godt hytteområde, både vinter som sommar, seier han, og legg til at kjøparane kjem frå Grenland, Drammen og Asker.