Sosiale medium

Bø i Telemark
07
8°C
 

Dato

Onsdag 20. september 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Idrettspresidenten på Bø-besøk

Besøkte skifestivalen. Idrettspresident Tom Tvedt er i Bø i dag for å oppleve Telemarksveka og Sommarland skifestival. Her er han saman med arrangørar og frivillige i Bø. Framme frå venstre Andre Horgen, Sylvi Haugenes Elvestad, Camilla Haugerud, Inger Eira og Guri Ramtoft (idrettsstyre NIF). Bak står f.v. Tom Tvedt og Tormod Hynne. Foto: Øystein Akselberg.

Idrettspresident Tom Tvedt er akkurat nå i Gullbring og får oppleve skifestivalen og TelemarkVeka på nært hald. Han har møtt frivillige frå Skarphedin langrenn og arrangør av Telemarksveka, med primus motor Tormod Hynne i spissen. Han rosar driftige klubbar og alle dei frivillige som jobbar dugnad. – Me set pris på dugnadsfolket. Uten dei blir det ikkje noko aktivitet, seier Tvedt til Bø blad, og rosar også Tormod Hynne for å vere ein driftig arrangør. Tvedt peika på at det er slike breddearrangement som skapar framtidas toppidrettsfolk. Han fekk møte ein stor gjeng ivrige skiløparar i Bø.
Både TelemarksVeka og skifestivalen går sin gang i dag. I dag kjem fleire av dei mannlege skigutta med Martin Johnsrud Sundby i spissen til Bø. Fleire av dei blir å sjå på St. Hans-showet i Sommarland og i morgon er det tid for Rulleskisprint i Bøgata. Skiskule-ungane får eit møte med vossingen Sjur Røthe også.

Del artikkel...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®