Sosiale medium

Bø i Telemark
36
-6°C
 

Dato

Tysdag 21. november 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Innovasjonslinje ved Bø vgs

Sentralt. Innovasjon og teknologi vil vere sentralt i utdanninga framover, meiner rektor ved Bø vidaregåande skule, Jon Helge Bergane.

 

 

 

Utvidar tilbodet frå hausten

Frå neste haust blir det oppretta ei ny linje ved Bø vidaregåande skule (vgs). Innovasjonslinja vil ta opp i seg forskarlinja og elevane kan kombinere linja med alle faga, ikkje berre realfag.

 

– Innovasjon og teknologi vil vere sentralt i utdanninga framover, seier rektor Jon Helge Bergane.

Han trur også at når dei nye læreplanane i den vidaregåande skulen blir ferdig revidert, blir kunnskap me treng i framtida, både globalt, nasjonalt og lokalt, viktig.

– Bø har hatt forskarlinje i tre-fire år. Den var i utgangspunktet ei rein realfagslinje og me visste at det ville vere litt marginalt. No ønskjer me å utvide repertoaret og ta med dei beste erfaringane frå forskarlinja. Det blir også mogleg for elevar med språk, økonomi og samfunnsfag å ta den nye linja, seier Bergane.

 

Les meir om det nye tilbodet i papiravisa eller kjøp avisa eller enkeltsider på nett på buyandread.no.

Del artikkel...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®