160204 KS 160128 07

Ja til intensjonsavtala

160204 KS 160128 07

Fornøgde. Varaordførar Borgar Kaasa og ordførar Olav Kasland (t.h.) var godt fornøgde med resultatet

 

Kommunestyret sa ja til å legge intensjonsavtala ut til folkeavstemming

Bø kommunestyre sa torsdag kveld ja til å legge intensjonsavtala for ein ny kommune i Midt-Telemark ut til folkeavstemming. Politikarar som var på talarstolen gav uttrykk for at dei var opptekne av at innbyggjarane må bruke stemmeretten og seie meininga si.

Ordførar i Nome, Bjørg Tveito Lundefaret, opplyser til Bø blad at det vart samstemmig for i Nome.

– I Sauherad vart det samstemmig for å legge avtala ut til høyring. Det vart knappast mogleg fleirtal for at høyringa skal vere opinionsundersøking, opplyser ordførar Mette Haugholt.

Dermed har alle kommunestyra sagt ja til neste skritt.

Les meir i papiravisa til nest veke.