Sosiale medium

Bø i Telemark
02
18°C
 

Dato

Torsdag 25. mai 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Klar for Sykle til jobben-kampanjen 2017

Reparerer syklar. På Sykkelmekkedagen på Bø torg er det mogleg å få gjort sykkelen klar for sommaren. Her frå mekkedagen i fjor.

 

 Kommunen betalar kontingenten

Bø kommune vil ha innbyggjarane i aktivitet og betalar for dei som vil vere med på årets Sykle til jobben-kampanje. Ein må ikkje sykle, det er mange andre aktivitetar som tel.

 

Det melder prosjektleiar i Bø kommune, Sindre Flø.

Kampanjen Sykle til jobben går i perioden 19. april til 17. juni. Undervegs kan ein registrere ei rekkje aktivitetar, som å gå, springe eller sykle til jobben. Dersom ein går til butikken når ein normalt ville ha køyrt får ein poeng. Ein kan også få poeng for å støvsuge i høgt tempo, slå plenen eller hogge ved.

Under vegs blir det trekt ut vinnarar av ulike premiar.

Kommunen vil gjerne ha studentane med på aksjonen og sponsar også deltakinga til desse.

I tillegg til kampanjen blir det arrangert sykkelmekkedag på Bø torg 22. april. Då skal også Bø sin førte servicestasjon for syklistar avdukast.

Bak kampanjen står Bærekraftig liv i Bø, Skarphedin Sykkel, Høgskulen i Søraust-Noreg og Sykkelbygda Bø.

Del artikkel...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®