170601-Jarle-Sten-Olsen-3

Krimfilm på Bø stasjon

Jarle Sten Olsen promoterer ny krimbok med musikkvideo frå Bø. Måndag blir det filming på stasjonen. Foto: Gro B. Røiland

Er du på Bø stasjon andre pinsedag etter klokka 16.30 eller legg turen innom Bull Inn eit par timar etterpå, kan du bli med i Jarle Sten Olsens lanseringsfilm for ny krimroman. Olsen treng folk til filmen, både menn og kvinner, unge og eldre. Her er det viktigaste å kunne stå i frosen posisjon, for filmen blir laga i stilen Mannequin challenge.

Rundt årsskiftet kjem Olsen med bok nummer to. Tittelen på den nye krimmen er «Bare du som passer på». Det aller meste av handlinga er lagt til Bø, difor skal alle scenane i lanseringsfilmen bli tatt opp i Bø.

Tittelen på boka er henta frå ein låt av det gamle punkrock-bandet The Aller Værste!. Låten er sentral i lanseringsfilmen, men nå i ein versjon på bødialekt framført av Jon Solberg. Filmen skal ut på sosiale medier.

Les meir i Bø blad på papir eller kjøp avisa på buyandread.no