Sosiale medium

Bø i Telemark
01
-8°C
 

Dato

Tysdag 12. desember 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Kulturpris til wakeboarder

Kultursjef Hilda Sørum (f.v.), ein glad prisvinnar Bork Sæl Ower og ordførar Mette Haugholt under prisutdelinga. Foto: Gro B. Røiland

 

Ungdommens kulturpris i Sauherad, UngKulPris 2017, gjekk i år til 15 år gamle Bork Sæl Ower frå Akkerhaugen.

Bork driv med wakeboard og wakeskate og har gjort det svært bra i konkurransar både nasjonalt og internasjonalt. I 2016 kom han på andre plass i NM i wakeboard, og han kvalifiserte seg og deltok i EM i Israel. I 2017 tok han fyrste plass og blei norgesmeister i U19 wakeboard og han tok andre plass i NM i U19 wakeskate.

Prisen består av diplom, blomar og ikkje minst ein sjekk på 10.000 kroner. Prisvinnaren seier han vil bruke pengane til treningstur til Tyrkia eller anna land der det er lenger varmt i vatnet enn det er heime på Akkerhaugen.

Ungdommens kulturpris blei utdelt i helga under Norsk Eplefest. Les meir om prisvinnaren og eplefesten i papiravisa torsdag 28. september.

 

 

 

 

 

Del artikkel...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®