Sosiale medium

Bø i Telemark
07
8°C
 

Dato

Onsdag 20. september 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

– Lifjellstua er open for alle

 

 – Trist at fjellstova var mørkt og stengd

 – Eg trur folk saknar Lifjellstua, seier Gunhild Grav. Dei nye eigarane av Lifjellstua har pussa diskré opp og inviterer all slags folk inn. Grav seier det er slutt på eksklusive selskap slik det har vore nokre år.

 

Gunhild Grav er ei av dei seks bøheringane som har kjøpt tradisjonsrike Lifjellstua. No har dei pussa opp ein del og har opna dørene både for servering og overnatting.

Det er mange år sidan det var ope dagleg på Lifjellstua, fjellstova stod der mørk og stengd, Grav tykte det var trist. Ho og tidlegare kollegaer frå Naboen snakka saman og planla. Til slutt spurde dei om å få kjøpe Lifjellstua og fekk ja.

I prosjekt Lifjellstua har Grav med seg mannen, Stein Lunde, dei to er mangeårige drivarar av Den Gode Nabo. Dessutan har dei med seg Ann Kristin Skogen, til dagleg drivar av Exito, Torbjørn og Sandra Kallestad, som begge jobbar på Nav og Andras Bjørndalen, til dagleg å finne i Sparebanken Din. Dei skal alle jobbe på Lifjellstua, i tillegg til sine «eigentlege» jobbar. Den dagen Bø blad var innom var det Grav og Torbjørn Kallestad som var i sving. Grav hadde hatt nattevakt.

Skal vere tilgjengeleg

– Me skal vere tilgjengeleg for folk, det skal vere kontinuitet. Det blir ope kvar dag fram til og med 19. august. Etter det blir det ope i helgar og feriar, seier Kallestad.

Dei nye drivarane ønskjer også at folk har bryllaupsfestar, bursdagar, konfirmasjonar, dåpar, konferansar og møte på Lifjellstua. Men sjølv om det er lukka lag skal det likevel vere ope for tilfeldige gjester.

– Ingen skal møte stengd dør. Sjølv om me har bryllaup eller eit anna lag skal folk kunne kome inn og få ein matbit, men me dekkjer kanskje i peisestova, seier Grav

Peisestova ligg i kjellaren og har både tømmerveggar og peis og er nesten ferdig oppussa. Planen er også å lage ein uteplass utanfor. Den blir liggande mot skitrekket. På denne sida ligg også det Grav kallar konferansehytta. Her er det møtelokale og hytta skal pussas opp slik at den kan brukast til møte og konferansar.

– Me har så mange draumar, seier Kallestad.

– Men me må bygge stein på stein og når me er ferdige så er dette sentrum i Bø, seier Grav og ler hjarteleg.

– Me må bruke litt tid og kjenne etter kva som er rett, legg Kallestad til.

Nytt kjøkken

Så langt har dei pussa opp kjøkkenet, nesten alt er nytt.

– Me måtte ta kjøkkenet. No er det reint og hyggeleg å jobbe der, seier Grav.

I stova har dei skifta ut møblane, i matsalen har dei pussa opp møblane som var. Fleire av romma er også pussa opp eller under oppussing. Eit rom har blitt delt opp i bad til fire rom. På fleire av romma er golva og delvis møblane skifta ut. Golvteppa på romma skal ut til fordel for isolerte tregolv. På uteterassen har dei laga nye bord. I resepsjonen er det også gjort nokre endringar, peisane har dei behalde, men dei har fått innsats. Dessutan har dei måtta ta ein del vedlikehald som ikkje synest, som ny brannvarsling.

– No har me 19 rom og 40 sengeplassar.  seier Grav.

Dei har ein del bestillingar for sommaren, Grav har ikkje heilt oversikt, men det er blant anna bestilt rom via Sommarland.

– Det er utruleg mykje som skjer på Lifjell. Tidlegare hadde me huset fullt av leirskuledeltakarar, det var fullt på Fjellkyrkja, fortel Grav.

Drivarane satsar blant anna på gjester som vil gå i fjellet og har også tru på syklistar.

– Alle som syklar opp til Lifjell får gratis kaffi og vaffel, reklamerer Kallestad.

Fjell-restaurant

– Eg trur også på restaurantmarknaden. Eg trur det er mange hyttegjester som kan tenkje seg å gå ut og ete, seier Grav.

Ho peikar på at det etter kvart er mange hytter på Lifjell.

Dei ønskjer å tilby lokal mat etter kvart. For tida er det opplæring på kjøkkenet og på menye står rettar som kjøttkaker, grilla laks og rømmegraut.

Villmarksspa

Det er elles mange meir og mindre konkrete planar og idear som blir kasta rundt under dei brune taka på Lifjell.

– Me planlegg ny villmarksspa. Det kan skje til hausten, men eg vil ikkje love det, seier Grav.

Dei jobbar med å få opp leikeapparat for barn ute og Bø og Lifjell turriding skal ha hesteparkering ved Lifjellstua.

– Til vinteren blir det vaffelbu i skiløypa og så ønskjer me oss veldig ein stor lavoo, det treng me, seier Grav.

(teksten held fram under bildet)

 

Gamle minne. Det er mange bilde og andre minne på Lifjellstova, ein god del av dei blir med vidare.

 

Fakta Lifjellstua

* Bygd som turisthytte, opna i 1957.

* Bygd av Skien Telemark Turistforening (STT).

* Heitte den gong STT Jønnbu.

*Har vore eig av ulike aktørar.

*Per Ove Bakke og Annemone Wille Våga eigde og pussa den opp i 1998.

*Drive som fjellhotell i perioden 1998-2011.

*Dagens eigarar overtok frå ei større gruppe der Oretun AS med 36 prosent var største eigar.

* Dagens eigarar er; Gunhild Grav, Stein Lunde (dei to 40 prosent), Ann Kristin Skogen (20 prosent), Torbjørn og Sandra Kallestad (10 prosent kvar) og Andras Bjørndalen (20 prosent).

Del artikkel...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®