Sosiale medium

Bø i Telemark
01
19°C
 

Dato

Laurdag 24. juni 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Lokale folk tek over Lifjellstua

Nye eigarar. Gunhild Grav (f.v.), Ann Kristin Skogen, Torbjørn Kallestad, Sandra Kallestad og Andreas Eikrem Bjørndalen har overtatt Lifjellstua og skal satse vidare på den tradisjonsrike staden. Foto: Øystein Akselberg

Lifjellstua har kome på lokale hender. Nå blir det ny giv og ny drift på den 60 år gamle fjellstua på Lifjell. Planen er å opne for ny drift i midten av juni.

Lifjellstua på Jønnbu blei bygd som turisthytte og stod ferdig i 1957. Det var Skien Telemark Turistforeining (STT) som stod bak bygginga og turisthytta, som den gong heitte STT Jønnbu. Det har opp gjennom tidene vore fleire ulike eigargrupperingar på hytta. Ei større renovering skjedde i regi av Per Ove Bakke og Anemone Wille Våge i 1998. Lifjellstua blei så drive som fjellhotell i åra 1998-2011. Dei siste åra har det vore heller stille rundt hytta. I fjellstuas 60. år har nå hytta kome over på lokale hender og den blir opna igjen med drift frå juni i år.

Dei fem aktørane som står bak oppkjøpet av Lifjellstua er Gunhild Grav og Stein Lunde, Ann Kristin Skogen, Andreas Eikrem Bjørndalen, Sandra Kallestad og Torbjørn Kallestad. Grav og Lunde har den største eigarandelen med 40 prosent. Skogen og Bjørndalen har 20 prosent kvar, medan Torbjørn og Sandra Kallestad har 10 prosent kvar. Kjøpesummen er 6,3 millionar kroner og nå blir fjellstua også pussa opp for over ein million kroner fram mot nyopninga i juni.

 

Del artikkel...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®