Sosiale medium

Bø i Telemark
36
-6°C
 

Dato

Tysdag 21. november 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Målblom til bunadshuset i Bø

Margit Ims og Hans Christian Deilhaug kom med diplom og blomar frå Bø mållag, nokon Tove Haugen og Mari Almankås (midten f.v.) sette stor pris på. Foto: Gro B. Røiland

 

Bunadsverksemda Almankås er heidra med Målblomen frå Bø mållag for bruk av dialekt og nynorsk i annonsering, på sosiale medier og nettside.

– Bø mållag set stor pris på at nynorsk og bømål får vera med på å pryde kommunikasjonen dykkar, og me håper fleire vil ta etter dykkar eksempel. Almankås er ein tradisjonsberar som ikkje berre held handverkstradisjonane i hevd, men og lokal språktradisjon med bruk av nynorsk og bømål, sa Margit Ims, leiar i Bø mållag, da ho saman med styremedlem Hans Christian Deilhaug delte ut Målblomen.

Tove Haugen og Mari Almankås tok imot Målblomen på vegner av bunadsverksemda.

– Det er kjempekoseleg å få Målblomen og moro å bli lagt merke til. Det er jo det me vil, seier Mari Almankås.

 

Les meir om prisen og Almankås i papiravisa eller kjøp avisa digitalt på buyandred.no

Del artikkel...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®