Sosiale medium

Bø i Telemark
01
-8°C
 

Dato

Tysdag 12. desember 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Meir sport og trening i Bø

Trening og kampsport. Bøsenteret blir staden for treningskjeda Mudo Gym & Kampsport. Opning skjer første kvartal 2018.

 

 

Ny sportsbutikk og nytt treningssenter

Bø sentrum får to nyetableringar innan sport og trening. Først ut er sportsbutikken Sport Outlet, deretter kjem treningssenteret Mudo.

To store kjedar innan sport og trening har kasta augo på Bø og jobbar konkret med å etablere seg her. Begge har gjort langtidsavtalar om leige av lokale og er nå i ein fase med å tilsetje ein lokal medeigar og drivar, samt fleire tilsette.

Sport i Liabygget

Liabygget øvst i Bøgata har stått tomt etter at Europris flytta ut. Nå er sportsbutikk-kjeda ”Sport Outlet” i full gang med å opne sin 42. butikk i landet her. Kjeda skal bruke heile første etasje, som betyr rundt 1.200 kvadratmeter butikk.

– Me er i gang med ombygging i lokala og er også i gang med å finne ein medeigar som kan gå inn i partnarskapsmodellen vår, seier partnar i Sport Outlet, Tor-Andre Skeie.

Les meir om sportssatsinga i papiravisa eller kjøp enkeltsider eller heile avisa på nett på buyandread.no.

Del artikkel...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®