170622-Lortebekkfestivalen-Stiadn-Dalen-og-Christian-Pallesen

Moro med musikkfestival

Stian Dalen (t.v.) og Christian Pallesen fann tonen på utescenen laurdag. Foto: Gro B. Røiland

Både musikarar og publikum storkoste seg laurdag på Lortebekk Hillbilly Music Fest 2017. Musikken starta på Bull Inns utescene allereie klokka 14, og med siste artist på ved midnatt fekk publikum oppleve nærmare 12 timar samanhengande country & western frå ulike artistar.

Denne helga har Bø vore full av musikk. I tillegg til country & western har Sommarlandfestivalen fylt bygda med korpsmusikk og konsertar.

Musikkhelga er slett ikkje over. Sommarlandfestivalen sett i heile dag sitt preg på Sommarland med konsertar og framsyningar i parken og på hovudscenen. Lortebekkfestivalen inviterer i ettermiddag til musikalsk skalkefest.

Les meir om dei to festivalane i papiravisa 22. juni.