Skiskyting Trondheim - Aslak Nenseter foto Helge Langen

Nærmar seg landslaget

Best og nest best. Etter helgas renn kan skiskyttaren Aslak Nenseter frå Bø skiskyttarlag krysse av for to nye milepelar i karriera si. Arkivfoto: Helge Langen.

Etter helgas NM og Noregscup-avslutning i skiskyting i Mo i Rana bør Aslak Nenseter (22) frå Bø skiskyttarlag vere aktuell for eit av skiskyttarlandslaga til neste sesong. Aslak gjekk inn til NM-sølv laurdagens jaktstart. Dette er hans første medlaje i NM som senior. I tillegg kan han etter årets sesong smykke seg med samanlagtvinnar av Noregscupen for senior. Da bør han etter alle solemerkjer vere aktuell for neste sesongs rekruttlandslag. Seniorlandslaget blir nok i tøffaste laget, men det vil tida vise.