Sosiale medium

Bø i Telemark
03
18°C
 

Dato

Tysdag 19. juni 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

NAV nøgd med 2017

Fleire i Bø. Det var fleire arbeidsledige i Bø i fjor, medan det var færre i Sauherad. Arkivfoto

 

 

Auke i Bø, nedgang i Sauherad

I 2017 var det i snitt 2.472 heilt ledige i fylket, mot 2.779 i fjor. Ledigheita for heile året samla blei 2,9 prosent, medan det på landsbasis blei 2,7 prosent. Telemark har ikkje hatt så låg gjennomsnittleg ledigheit sidan 2008.

Den store optimismen i Telemark fortset med ein ledigheit lik landsgjennomsnittet ved utgangen av året. Det er nedgang i ledigheita i alle aldersgrupper i Telemark. Det mest gledelege er kanskje at ledigheita minkar mest i aldersgruppa 20-24 år. Heile 81 færre unge i Telemark er heilt ledige i desember 2017 samanlikna med same periode i fjor. Talet på ledige i Telemark ved utgangen av året var 2.020. I Bø var det 70 ledige i desember, som er ein auke på ni personar frå same tid i fjor. I Sauherad var det 43 ledige som er heile 17 færre enn på same tid i fjor, melder NAV.

 

No kan du som abonnent frå tilgang til Bø blad som e-avis. Du kan også bla i alle tidlegare utgåver av avisa i historisk arkiv.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje