Sosiale medium

Bø i Telemark
36
-9°C
 

Dato

Onsdag 17. januar 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Nazi-tema har gjeve opplagsrekord

Rekord: Ellen Schrumpf og Nils Ivar Agøy er redaktørar av Telemark historielag si 38. årbok. Foto: Stian Kristoffer Sande.

HSN-professorane Ellen Schrumpf og Nils Ivar Agøy er redaktørar bak den mest populære årboka som Telemarks historielag nokon gong har gjeve ut. Tema for boka er Nasjonal Samling i Telemark. Etterspurnaden etter stoff frå krigen virkar ikkje å avta.

Seinhausten 2017 blei det 38. nummeret av Telemark historielag sine årbøker gjeve ut. Boka har «Nasjonal Samling i Telemark» som tittel og gjennomgåande tema, noko som ifølgje redaktørane har ført til rekordstor interesse.

- Vanlegvis trykker me mellom 350 og 450 eksemplar av årbøkene, men på grunn av den store etterspurnaden for dette nummeret  har me auka opplaget til heile 850 eksemplar, seier Schrumpf.

Link til høgskulen si sak her

Del artikkel...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®