Sosiale medium

Bø i Telemark
02
28°C
 

Dato

Måndag 25. juni 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Nedre fangdam står for tur

Skal gravast opp. Nedre fangdam i Evjudalen ser slik ut i dag fredag 12. januar. No skal den muddrast opp.

Skal muddre opp nedre fangdam i Evjudalen

Teknisk etat jobbar vidare med å tøme fangdammane i Evjudalen for sand og mudder. Dammane fungerar etter hensikta og samlar opp partiklar og massar som kjem nedover med bekkevatnet. Dei to øvste fangdammane er tømt og nå står tredje og nedste for tur.

Kommunalsjef på teknisk, Vidar Lofthus, melder at kostnaden for å tøme den midterste dammen kom på 100.000 kroner og at ein tok opp 8-900 kubikmeter masse.
– Det er ikkje dyrt for ein så stor jobb. Massane blei delt mellom eit landbruksareal, noko gjekk til jordforbetring og ein mindre del til utjamning av våte område i Evjudalen, seier Lofthus.
Det vert rapportert at massane i midtre fangdam var av betre kvalitet med eit mindre innhald av sand, enn det ein fann i øvre fangdam. Arbeidet med nedre fangdam startar opp nå.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje